Landsdelskretsstevnet: Fullt hus!
 

Storveges innsats av Idun Marie Hidemstrædet under Landsdelskretsstevnet 2017 på Løten: 250 p. etter grunnnlaget ga skive tre i omgangen, og Idun Marie var ikkje snauare enn at ho slo til med ti nye tiarar og fem sentrum. 350 blanke poeng vart det - og toppen av pallen i klasse eldre rekrutt. Eit flott resultat av langsiktig og planmessig trening - og avbalansert og klok haldning.


Vågå skytterlag gratulerer!
------------------------------------------------------------------------------------------------------

Siste treningskveld med Sina

 
Sina Bråten Lunde hadde siste treningskvelden med ungdomsutvalget 2. mai, før ho set kursen mot Bergen og ny jobb. Takk for innsatsen!
.........................................................................................................................................

Rabatt for medlemmer

 
Vi har fått sponsoravtale med Gausdal Landhandleri, som bl.a. betyr at medlemmer i Vågå skytterlag får rabatt på kjøp. Hugs å ta med kvittering for betalt medlemsavgift ved besøk i butikken!

Du gjer følgjande: Gå inn på  http://www.gaus.no/kunde/ og registrer deg under 03VÅGSKYT, eller via post@gaus.no, eller du kan gjera det ved å møte fram i ein av butikkane til GAUSDAL LANDHANDLERI. Du blir da bli registrert med rabattmatrise som sikrar deg rabatt på trelast, byggevare, jernvare og maling. Ved større  større prosjekt: Ta spesiell kontakt og spør om pris.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Premiedryss for dei yngre
 

Stor stemning under premieutdelinga for alle yngre klasser tysdag 29. november 2016
--------------------------------------------------------------------------------------------------

Protokoll frå årsmøtet 24.11.2016
-------------------------------------------------------------------------------------------

Årsmelding 2016
Årsmelding 2016, vedtatt på årsmøtet 24.11.2016, klikk her.
-------------------------------------------------------------------------------------------

Vågå kommune og Vågå fjellstyre på besøk




Triveleg besøk frå Vågå kommune og Vågå fjellstyre 17. februar 2016, med omvising og orientering i det oppgraderte miniatyranlegget vårt. Servering vart det, og skyting i lag med ein del av dei yngre i laget. Og flott blomsteroppsats hadde dei med. Takk for besøket, og for god innsats!
---------------------------------------------------------------------------------------------

Samlagsmesterskapet miniatyr 2016: Rekorddeltaking
                    

Dina Sundby, Fåberg (til v.), vart samlagsmester med 347 (18*) - minst mogleg margin til Odd Sverre Håkenstad, Lesja (midten) (347, 17*). Til h. Mette Strandlien, Ringebu & Fåvang, som slo til med fantastiske 350 (29*) i ER i eit vellykka mesterskap som hadde rekordmange skyttarar. 177 deltok over to kveldar (9. og 11. feb.) og to dagar (13. og 14. feb.) på miniatyrbana i Skogbygda, som etter oppgradering med garderobe, kjøkken og toalett byr på gode fasilitetar. God kommunal medverknad - og ditto dugnadsinnsats! Heile 39 frå Vågå skytterlag deltok i mesterskapet. 
Av resultata elles: 
Johnny Gården nr. 1 i kl. 1 (249),
Pia Christine Teigplassen nr. 3 i kl. 2 (338)
Kim Tomas Bakken nr. 1 i kl. 3 (331), Atle Bakken nr. 2 (329), 
Erik Løken nr. 3 i kl. ER (347), Håvard Bakken nr. 4 (346), Idun Marie Hidemstrædet nr7 (344), 
Sveinung Myrum nr. 5 i kl. R (328), 
Magne Fjøsne nr. 3 i V55 (336).

............................................................................................................................................................


Årsmøteprotokoll 2015

Årsmelding 2015

---------------------------------------------------------------------------------------------

Premiedryss for dei yngre
Stor stemning og premiering på rad og rekke for dei yngre etter eit svært aktivt år med stor rekruttering. Iva og Atle administrerte, og radartrioen Anita, Unni og Merete hadde ordna framifrå bakst, med Anita som hovmester for fullt hus av både unge og vaksne. Triveleg var det! Her var premiering for beste frammøte på trening, for oppnådde magiske grenser på 200 p. osv. og premiering for pokalskyting og ulike lagmesterskap ute og inne. Her viser vi til lister under RESULTATER til venstre på startsida.








--------------------------------------------------------------------------------------------

SKYTINGENS DAG - EIN SUKSESS!



Heile 34 personar - vaksne og unge - gjesta oss under Skytingens dag 6. september, og fekk prøve baneskyting, elgbane og svartkrutskyting under trygge forhold. Takk til dei som stilte opp og gjorde dette mogleg, og takk til foreldre for bakst og miljøskaping. 

Flott at skyttarlaget, svartkrutlaget og jakt- og fiskeforeininga kan gå saman om slike arrangement.

Dette vart ein innertiar!
...............................................................................................................................



Samlagsmesterskapet på bane i Vågå 2015

Flott ver, god stemning og stor innsats under samlagsmesterskapet 15. og 16. august.  
Tor Gaute Jøingsli, Lom & Skjåk (til v.) vart samlagsmester etter omskyting med Odd Sverre Håkenstad, Lesja.




.....................................................................................................................................

Landsdelsstemnet i felt: Flott innsats
Mange skyttarar frå Vågå gjorde det skarpt under landsdelsstemnet i felt i Øyer. Rekruttane Idun Marie Hidemstrædet (26 p), Aleksander Ødegård (25 p) og Erik Løken (24 p) kom til finalen, der Idun Marie kom på 2. plass og fekk ungdomsmedaljen. Bjørn Joar Nesset kom nesten til finale (20 p). I klasse eldre rekrutt fekk Håvard Bakken 23 p. Junior: Kim Tomas Bakken 27 p., Rolf Magnus Hidemstrædet 26 p. Kl. 3: Atle Bakken 23 p, Berit Jeanne Brun 11 p. Kl. 4: Iva Hidemstrædet 25 p.

Idun Marie på pallen

...............................................................................................................

Unge og ivrige skyttarar

Konsentrasjon!
...............................................................................................................

STOR INTERESSE BLANT DEI YNGRE


Skyttarlaget opplever gledeleg auke i interessa blant yngre skyttarar. Treningskveldane på miniatyrbana har samla bortimot tretti ivrige skyttarar - fleire av dei er heilt nye. Det blir lang og sein kveld for dei som har hovudansvaret. Stor takk til Iva Hidemstrædet, Atle Bakken, Sina Bråten Lunde og Hans Ødegård for kjempeinnsats med instruksjon og godt arbeid for å hjelpe unge skyttarar til å kjenne seg trygge - og til å treffe både blink og innertiar etter kvart!

...............................................................................................................

Besøk av Sparebank1 Lom og Skjåk



Triveleg besøk av representantar frå vår hovudsponsor Sparebank1 Lom og Skjåk, med humørfylt og storarta innsats på miniatyrbana i Skogbygda.

...............................................................................................................

  

Meningsmåling  
  Treffer du ofte kjente på skytebanen? 
Ja
Nei



Info Grasrotandelen


VÅRE SPONSORAR
Klikk på logoen for lenke til nettportal