Vågå skytterlag
Vågå skytterlag vart starta i 1880, og organiserer medlemmene sine frå heile Vågå kommune. Vi har også ein god del jegerar frå andre kommunar som medlemmer.

Baneanlegget laget disponerer, ligg på areal laget har leigt av garden Uppigard Sør-Sandbu, etter avtale av 18. oktober 1939. Tidlegare hadde laget skytebane aust for elva Finna, men denne vart rasert av storflaumen i 1938.

Vågå skytebane er utbygd med fem + fem elektroniske skiver på 100 m og 12 elektroniske skiver på 200 m. I tillegg har laget tre pappskiver på 300 m og 3 skiver på 600 m intakt, som kan nyttast til ekstraskytingar i samband med stemne.

Etter leigeavtale med Vågå JFF har dei bygt ut med fem elektroniske skiver på 100 m i tillegg til elgbane og leirduebane.

Vegen til Vågå skytebane tek av frå Fv15 like vest for rundkjøringa ved Sandbu om lag 1 km aust for Vågåmo. Kartkoordinat 61.88075 N, 9.16074 Ø. (UTM 33: 6860908 N, 508472 Ø.)
 
I tillegg till utandørs baneskyting melde det seg tidleg behov for lokale til innandørs baneskyting. Etter at vi hadde vore innom ulike stader med slik skyting, enda det opp i kjellaren på Skogbygda og Skårvangen skule og grendahus. Dette lokalet vart brukt i mange år utan skikkeleg utlufting og oppvarming.

I 1999-2000 vart kjellaren laget leigde, ombygd til 15 m bane med lys og utlufting etter krava i forskriftene om slike baner. Bana har sju skiver.

Vinteren 2010-2011 vart bana oppgradert til sju elektroniske skiver, samtidig med at opphaldsrommet vart utvida  og oppgradert med bl.a. monitor for vising av løpande resultat inne på miniatyrbana. I 2015 er det med god hjelp frå Vågå kommune og intern dugnad bygt ut kjøkken og toalett i tilknyting til miniatyrbana.

Innandørsbana ligg i det som nå er grendehuset for Skogbygda og Skårvangen, om lag 7 km frå Vågåmo. Lokala er leigde av Vågå kommune.
Kartkoordinat 61.91428 N, 8.98863 Ø. (UTM 33: 6864625 N, 499403 Ø.)

Postadresse: Postboks 184, 2680 Vågå

E-post: vaga@skytterlag.no        

Vågå skytterlags kontonr.: 2085 25 13862.
Org.nr. 893562532.